Gå rett til innhold
<
<
SARA (Search And Rescue Application)

SARA (Search And Rescue Application)

, De første av Norges nye redningshelikoptre SAR Queen ble 1. september 2020 satt i drift på Sola redningsbase. De nye helikoptrene vil gi større trygghet for folk langs kysten og i avsidesliggende områder over hele landet og er siste innbygget del i det NORCE-utvikla SARA, som driftes av Hovedredningssentralen. Foto: Fabian Helmersen / Forsvaret, 20230327 FH 1463, ,

De første av Norges nye redningshelikoptre SAR Queen ble 1. september 2020 satt i drift på Sola redningsbase. De nye helikoptrene vil gi større trygghet for folk langs kysten og i avsidesliggende områder over hele landet og er siste innbygget del i det NORCE-utvikla SARA, som driftes av Hovedredningssentralen. Foto: Fabian Helmersen / Forsvaret

SARA-applikasjonen er eit krisehandteringssystem utvikla av Christian Michelsen Research (CMR). Etter ein fusjon i instituttsektoren i 2018, der CMR vart ein del av NORCE, er applikasjonen vedlikehalden og vidareutvikla av NORCE.

SARA har vore i bruk i Hovedredningssentralane (HRS) på Sola og i Bodø som støtte- og loggesystem sidan januar 2000. Når turgåarar er sakna eller tekne av ras, når båtar brenn eller går på grunn, når sjuke cruisepassasjerar må fraktast til sjukehus eller det skjer ei ATV-ulykke, så er det HRS som koordinerer søk- og redningsaksjonane. HRS registrerer over 8000 slike nødhendingar per år i SARA.

Offentlege, private og frivillige redningsressursar som t.d. politi, ambulanse, redningshelikopter og Røde Kors, kan via SARA søkast opp i Felles Ressursregister.

På SARA-kartet blir posisjonane for hendingane og for tilgjengelege og involverte ressursar markerte, saman med t.d. definert søkeområde. SARA hentar inn data frå fleire tredjepartar. Vêrdata blir henta frå Meteorologisk Institutt og viste på kartet. AIS-data (båt-posisjonar) blir kontinuerleg lasta ned frå Kystverket og viste på kartet ved hjelp av applikasjonen TrackServer, som også er utvikla av CMR/NORCE. Søk i Sentralt stedsnavnregister, hjå Statens kartverk, blir brukt for å finne adresseinformasjon.

Ein tilpassa versjon av SARA har vore i bruk i Kystradiostasjonane (Telenor Kystradio) sidan 2004. Radio Medico (Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin) har sidan 2014 også brukt ein tilpassa versjon av SARA.

SARA er skrive i Java og byggjer på standardar som HTTPS, LDAP, JMS, JDBC. All informasjon blir distribuert til server(e) og andre brukarar slik at alle heile tida har same informasjon tilgjengeleg, enten dei jobbar med den same eller kvar sine hendingar.

Kontaktperson

Else Helen Nornes

Seniorforsker - Bergen

elno@norceresearch.no
+47 909 63 459

Prosjektfakta

Navn

SARA (Search And Rescue Application)

Status

Aktiv

Periode

01.01.98 - 31.12.24

Sted

Bergen

Forskningsområder

Forskningsgrupper

Forskningstemaer

Prosjekteier

NORCE

Prosjektmedlemmer

Samarbeidspartnere

Hovedredningssentralen, Telenor kystradio, Radio Medico
Se alle prosjekter

Hold deg oppdatert om forskning og innovasjon fra NORCE

Meld deg på vårt nyhetsbrev