Eg har hovudfag og doktorgrad innanfor eksperimentell og teoretisk partikkelfysikk, og gjennom det arbeidd med og tatt mange kurs innanfor kvantefysikk.
Eg har lang erfaring med utvikling av avanserte matematiske modellar for fysiske forhold i brønnar under boring, inkludert strømming av ikkje‑Newtonske væsker og varmeoverføring. Modellane har vore brukte til planlegging, dei har vore tilpassa og innlemma i ein avansert treningssimulator, dei har inngått i programvare for sanntids beslutningsstøtte, og i automatiserte delsystem.
Dei siste åra har eg arbeidd med maskinlæring og korleis fysikkbaserte modellar kan kombinerast med datadrivne metodar for å bruke store mengder målte data på ein påliteleg måte.
I samband med å gi støtte ved automatisert trykkstyring under boring har eg hatt mange offshore‑opphald, og gjennom det lært mykje om korleis teknologi, menneske og organisasjon fungerer under kritiske operasjonar. I forlenginga av dette har eg bidrege i prosjekt som studerer ulike sikkerheitsaspekt knytte til aukande automatisering i boring.
Til modellutvikling har eg brukt mange programmeringsspråk, mest Fortran‑95, Matlab, Python og C#.