Eg er forskingsleiar i NORCE Energi for gruppa Energimodellering og Automatisering. Gruppa er internasjonalt anerkjent og eit av dei fremste miljøa når det gjeld automatisert boring. I 2021 tok me dette eit steg vidare, då me som dei første i verda demonstrerte autonom boring på ein fullskala rigg og det vart bora 500 meter uten innvolvering av boraren. Viktig for vår forsking innan automatisert boring, er vårt virtuelle miljø, OpenLab, som er på det norske vegkartet over forskingsinfrastrukturar. Over mange år har gruppa utvikla fleire banebrytende system som i utstrakt grad har blitt tatt i bruk av industri.
Gruppa er vertsskap for SFI DigiWells der eg er assisterande manager. I dette 8-års lange senteret jobbar me med optimalisering av boreprossen med omsyn til verdiskaping, sikkerheit og miljøpåverknad. Digitalisering og automatisering er nøkkelelement som inkluderer interoperabilitet og nye konsept for bedre målingar til bruk for automatiserte system. I 2024 starta også DigiWells Innovation Program med 6 finansierande operatørar. Det vil gjere at forskinga utvikla i SFI DigiWells raskare kan bli tatt i bruk av kommersielle aktørar.
Basert på kunnskap og erfaringar frå område som automatisering, modellering, AI og andre avanserte teknologiar, har gruppe utvida portefølgjen til å også inkludere hydrogen og energisystem. Det er ein ære for gruppa og også vera vertsskap for eit senter nummer 2, denne gongen for eit Forskningssenter for miljøvenleg energ, FME HyValue.
Eg er stolt leiar for ei forskingsgruppe som samarbeider godt og blir karakterisert som kunnskapsrike, kreative og gode på å levere nyttige resultat.