Forskarane finn at personar med moderat til alvorleg psykisk liding har gode langtidseffektar av tiltaket individuell jobbstøtte (IPS).
Personar som får tiltaket kjem raskare ut i jobb og det er også meir sannsynleg at dei er i jobb 43 månader etter dei fekk tilbodet. Tiltaket verkar spesielt godt for dei under 30 år og dei med låg utdanning.
Individuell jobbstøtte er ein bestemt type arbeidsmarknadstiltak. Formålet er å hjelpa menneske som er psykisk sjuke direkte ut i vanleg løna arbeid, i staden for å gå arbeidslaus eller delta i ei form for arbeidsførebuande tiltak. I tiltaket er det eigne jobbspesialistar som støttar og gjev råd. Støtta er fleksibel og skjer der pasienten ønskjer det. Målet er å finna den best eigna jobben som samsvarer med pasienten sine ønske.
Tiltaket er opprinneleg utvikla for pasientar med alvorlege psykiske lidingar. Forskarane har undersøkt langtidseffekten av denne ordninga, for personar med moderat og alvorleg psykisk sjukdom.
Samanlikna to grupper
Studien er eit randomisert forsøk, der dei som var interesserte i å vera med, vart delte inn tilfeldig i to grupper. 184 personar fekk tilbod om individuell jobbstøtte frå en jobbspesialist og 143 personar fekk tilbod om dei vanlege tiltaka for denne gruppa, typisk «arbeid med bistand» eller «praksisplass i skjerma bedrift». Desse 143 utgjorde kontrollgruppa i studien. Tradisjonelle arbeidsmarknadstiltak gjev opplæring først og deretter praksis (ei «tren-og-plasser»-tilnærming), noko som også galdt for denne kontrollgruppa. Individuell jobbstøtte, derimot, har som grunnidé å bruka den ordinære arbeidsmarknaden som ein treningsarena, det vil seia ei «plasser-og-tren»- tilnærming.
- På denne måten vert eventuelle tilbakeslag sett på som verdifulle erfaringar, ikkje nederlag. Dersom det er trong for det, held støtta fram også etter at personen har fått jobb, seier Karin Monstad, forskar i NORCE.