Gå rett til innhold
<
<
Telefon triage og rådgjeving i legevaktsentral- i normale tider og under ein pandemi

Telefon triage og rådgjeving i legevaktsentral- i normale tider og under ein pandemi

Dei siste tiåra har legevaktsentralane fått ei stadig større rolle i legevakttenesta. Mange legevaktsentralar dekker større geografiske område enn tidlegare, og det har blitt meir fokus på kompetanse og fagutvikling for operatørane som bemannar sentralane. Telefonkontakt er den anbefalte måten å kontakte legevakta på og rundt 80% av legevaktkontaktane i Noreg skjer via telefon først.

Operatørane som bemannar sentralane triagerer pasientane i forhold til kor mykje det hastar og kva som er det beste tiltaket for å hjelpe pasienten. Ofte er det tilstrekkeleg med rådgjeving over telefon og dette er ein viktig del av tenesta, både som god service til pasientane og som ein del av pasienthandteringa i legevakttenesta.

I dette prosjektet vil vi studere legevaktsentralen si rolle og korleis operatørane i sentralane bidrar til pasienthandtering i tenesta. Prosjektet består av tre delstudier:

Delstudie 1: kva kontakttypar, klassifisert ved hjelp av ICPC-2 kodar, blir oftast avslutta med telefonråd av sjukepleiar i legevaktsentralen? Vi vil og undersøke korleis faktorar som alder, kjønn, tid på døgnet og hastegrad, påverkar hyppigheita av kontaktar som er avslutta med sjukepleiarråd.

Delstudie 2: Er det mogeleg å endre korleis befolkninga tek kontakt med legevakttenesta, frå direkte oppmøte til å ringe først? Korleis påverkar denne endringa i kontaktmønsteret aktiviteten i legevakta?

Delstudie 3: Korleis påverka covid-19 pandemien aktiviteten i legevaktsentralane? Vi vil beskrive pasientkontaktar til vakttårnlegevaktene under covid-19 pandemien, korleis kontaktane vart handtert og korleis forskjelleg handtering av pandemien i ulike kommunar påverka aktiviteten i legevaktsentralen. Delstudie 3 er ein del av det større prosjektet “COVID-19 utbrudd i Norge- Epidemiologi, bruk av helsetjenester og håndtering i primærhelsetjenesten – CONOPRI”.

Data frå Vakttårnprosjektet blir brukt i alle delstudiane.

Vivian Midtbø er Ph.D. kandidat, Steinar Hunskår er hovedveileder og Ingrid Hjulstad Johansen medveileder.

Resultata frå delstudie 1 vart publisert i BMC Family Practice i september 2017.

Prosjektresultater

  • 23% av alle registrerte telefonkontaktar til vakttårnlegevaktene i 2014 vart avslutta med sjukepleiarråd.
  • Feber, magesmerter, hoste, øyresmerter og generelle symptom var kontaktårsakene som oftast vart handtert med sjukepleiarråd.
  • Kontaktar på vegne av dei yngste pasientane vart oftare handtert med sjukepleiarråd enn kontaktar frå dei eldste pasientane.
  • Andelen sjukepleiarråd var høgre på natt i forhold til på dag og kveld

Kontaktperson

Vivian Midtbø

Forsker III - Bergen

vmid@norceresearch.no
+47 56 10 72 60

Prosjektfakta

Navn

Telefon triage og rådgjeving i legevaktsentral- i normale tider og under ein pandemi

Status

CONCLUDED

Periode

01.01.17 - 31.12.23

Sted

Bergen

Forskningsområder

Forskningstemaer

Prosjekteier

NKLM, NORCE

Prosjektmedlemmer

Se alle prosjekter

Hold deg oppdatert om forskning og innovasjon fra NORCE

Meld deg på vårt nyhetsbrev