Forsker II
- Stavanger
bene@norceresearch.no
+47 51 87 50 37
Eritrean Diaspora Engagement and its Impact on European Democracies
I byrjinga av september 2023 skjedde det valdelege samanstøy blant folk frå det eritreiske miljøet i Bergen. Dette vakte stor merksemd og viste at det som skjer i Eritrea kan ha konsekvenser for eritrearar som bur i Noreg. Hendingane i Bergen var ikkje eit eineståande tilfelle. Liknande valdelege protester fann stad fleire stader i Europa og Nord-Amerika i 2022 og 2023.
Med dette forskingsprosjektet ønskjer vi å forstå betre korleis regimer kan ha påverknad på sine borgarar som bur i Europa. Vi treng å diskutere korleis vi best kan passe på dei politiske og sivile rettane til alle som bur her, også dei som har innvandra og deira etterkommarar, og korleis vi kan få dei til å delta meir i politikken.
Hittil har det vore lite kunnskap om korleis i dynamikkar i innvandrarmiljø kan påverke demokratiet i Europa. Med forsking, formidling og kommunikasjon ønskjer vi å fylle dette kunnskapsholet.
Forskinga vår er ein del av eit større prosjekt kalla ARM, som er støtta av EU-programmet Horizon. ARM ser på korleis regjeringar i land som Kina, Russland, Etiopia og Rwanda påverkar borgarane sine som bur i utlandet. Ved å studere Eritrea, kan vi lære meir om korleis borgarar i utlandet blir påverka.
Vi skal sjå på måtar eritreiske borgarar i utlandet engasjerer seg i politikk i heimlandet, og korleis dette verkar inn på europeiske demokrati. Vi skal studere både det som skjer i det virkelige livet og på internett, og blant folk i alle aldre og begge kjønn.Ved å samanlikne erfaringane frå eritreiske miljø i Noreg og Sverige, kan vi lære meir om korleis situasjonen i landet dei bur i påverkar desse forholda. Dette kan vera nyttig kunnskap for mange andre land.
Kontaktperson
Prosjektfakta
Navn
Eritrean Diaspora Engagement and its Impact on European Democracies
Status
Aktiv
Periode
21.01.25 - 31.12.27
Sted
Bergen