7 19

Effektevaluering av "Stopp seksuell trakassering"

Mål

Formålet med prosjektet er å teste effekten av tiltaket «Stopp seksuell trakassering» blant elevar og lærarar i ungdomsskulen. Tiltaket blei laga for å førebyggje kjønnsrelatert og seksuell trakassering i ungdomsskulen. Deltakarane i denne studien vil bestå av cirka 4000 elevar og 200 lærarar ved 30 til 40 ungdomsskular. Ei pulje med skular starta opp utprøvinga av tiltaket hausten 2021, og ei ny pulje med skular skal starte opp hausten 2022. Halvparten av skulane vil bli trokke til å delta i tiltaket «Stopp seksuell trakassering» hausten 2022, medan den andre halvparten vil inngå som kontrollskular og delta hausten 2023 (etter at data er innsamla). Denne kluster randomiserte kontrollerte trial (RCT) studien vil nytte spørjeskjema blant elevane og lærarane til å gje svar på om elevar som deltek i «Stopp seksuell trakassering» vil oppleve:

  • mindre grad av seksuell trakassering, i form av uønskt seksuell merksemd,
  • mindre grad av kjønnsrelatert trakassering, i form av trakassering på grunnlag av kjønn, kjønnsuttrykk og seksuell orientering og
  • betre psykisk helse

Studien er finansiert gjennom tildeling av midlar frå Stiftelsen Dam gjennom Rådet for Psykisk Helse. For meir informasjon om RCT studien sjå registreringa i Clinical Trials Gov eller Cristin.

Delta i prosjektet

Dersom du ønskjer at ungdomsskulen dykkar skal delta i tiltaket «Stopp seksuell trakassering» kan du sende rektor dette invitasjonsbrevet. Det vil bli ny oppstart med nye skular hausten 2022.


Aktuelt