Gå rett til innhold

Helga Gjeraldstveit

Forskningsleder Energimodellering og Automatisering

hegj@norceresearch.no
+47 51 87 56 18
+47 976 56 071
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen, Norway

Eg er forskingsleiar i NORCE Energi for gruppa Energimodellering og Automatisering. Gruppa er internasjonalt anerkjent og eit av dei fremste miljøa når det gjeld automatisert og autonom boring. Autonom boring vart i 2021 demonstrert på Ullrigg og det vart bora 500 meter uten innvolvering av boraren. For å kunne akselerere installering av automatiserte og autonome systemer, er vårt arbeid med interoperabilitet sammen med den internasjonale industriorganisasjonen D-WIS svært viktig. D-WIS-infrastrukturen lar ulike leverandørar sine system automatisk oppdage og dele informasjon i sanntid. Dette vil gjera det muleg å realisere visjonen "utvikle ein gong - installer overalt". I 2026 gjennomførte me på ny ein vellykka demonstrasjon av autonom boring kombinert med D-WIS interoperabilitet på Ullrigg. Neste mål er å få testa dette offshore saman med AkerBP.

Viktig for vår forsking innan automatisert og autonom boring, er vårt virtuelle miljø, OpenLab, som er på det norske vegkartet over forskingsinfrastrukturar. Over mange år har gruppa utvikla fleire banebrytende system som i utstrakt grad har blitt tatt i bruk av industri. OpenLab HIL (hardware in the loop) har stadig ny bruksområde, og har meir nyleg blitt brukt for å teste OT cybersecurity.

Gruppa er vertsskap for SFI DigiWells der eg er assisterande manager. I dette 8-års lange senteret jobbar me med optimalisering av boreprossen med omsyn til verdiskaping, sikkerheit og miljøpåverknad. Digitalisering og automatisering er nøkkelelement som inkluderer interoperabilitet og nye konsept for bedre målingar til bruk for automatiserte system. I 2024 starta også DigiWells Innovation Program med 6 finansierande operatørar. Det vil gjere at forskinga utvikla i SFI DigiWells raskare kan bli tatt i bruk av kommersielle aktørar.

Basert på kunnskap og erfaringar frå område som automatisering, modellering, AI og andre avanserte teknologiar, har gruppe utvida portefølgjen til å også inkludere hydrogen og energisystem. Digitalisering, automatisering og autonomi gir også nye utfordringer relatert til sikkerheit. Me vil fortsette arbeidet med cybersecurity.

Eg er stolt leiar for ei forskingsgruppe som samarbeider godt og blir karakterisert som kunnskapsrike, kreative og gode på å levere nyttige resultat.

Helga Gjeraldstveit

Divisjon

Energi og Teknologi

Forskningstema

Digital drilling
Geotermisk energi
Autonome systemer
Bore- og brønnmodellering

Forskergrupper

Energimodellering og automatisering

Mer info om Helga

Se profil i NVA

Se alle prosjekter

Aktuelt