I vitskapsmiljøet har det i fleire tiår gått diskusjonar kring den vesle istida, kva som sette den i gong og fekk den til å halde fram i fleire hundre år. Den vesle istida er rekna til å begynne i år 1300 og varer til kring 1850.
Noko av det som er spesielt med den vesle istida, er at det ikkje er ei global kuldeperiode. I perioden mellom 1300 og rundt 1850 var særleg Europa prega av kaldt klima. Men det var ikkje kaldt jamnt over, store område opplevde på skift tiår med kulde, harde vintrar og korte, kalde somrar.
Ettersom desse kuldeperiodane skiftar mellom ulike regionar, er det samla globale temperaturfallet i den vesle istida mindre enn ein halv grad. Det er ei lita endring i global skala, men for menneska som vart råka av kuldeperiodane, var det ingen spøk.
Mellom 1300-1850 opplevde menneska i Europa periodar med ekstrem kulde, stormande vintrar, feilslåtte avlingar og hungersnaud.