Boka Hundre år i endring. Verftet på Stord 1919-2019 fortel korleis verftet på Stord vart ein deltakar i historia om «lykkelandet» Noreg, der olja i Nordsjøen gav det norske velferdssamfunnet ekstra smurning. NORCE samfunn har hatt hovudansvaret for prosjektet med Kværner på Stord som oppdragsgjevar. Knut Grove var prosjektleiar og ein av forfattarane, saman med Trond Holmen Erlien og Hans-Jakob Ågotnes frå Institutt for arkeologi, historie, religions- og kulturvitskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen, og frilansarane Martin Byrkjeland og Eva-Marie Tveit. Boka har kome ut på Fagbokforlaget- https://www.fagbokforlaget.no/Hundre-%C3%A5r-i-endring/I9788245027044
Framstillinga er i fem deler. I del I er det tida som sildoljefabrikk fram til rett etter andre verdskrig som blir fortalt, medan historia vidare har fire ulike inntak med vekt på dei siste 25 åra: som leiarane og eigarane si historie, om teknologien og framstillinga av produkta, om arbeidsorganisering, arbeidsmiljø og medbestemming og til slutt om forholdet mellom verft og lokalsamfunn.
Kjøtteinen: ei ideell plassering
Det var ikkje gitt at historia om sildoljefabrikken og verftet skulle utspela seg på Kjøtteinen sørvest for Leirvik på Stord. Sjøkapteinen Theodor Onarheim ønskte opphaveleg å bygga vel fire mil lenger nordaust, i Herøysund i Kvinneherad. Men det vart Kjøtteinen og Stord. For sildoljefabrikken var nærleiken til sildefelta og å ha ei god hamn avgjerande. I 1950-åra såg Fred Olsen og Aker at Kjøtteinen var ein ideell stad for å byggja skrog til store tankskip, då Oslofjorden og byen sette grenser for kva som kunne byggast ved Akers mek. På Kjøtteinen gjorde den korte avstanden til det djupe Digernessundet i neste omgang også verftet til ein ideell stad for samankopling av plattformdekk og –understell. Om det er tilfeldig at verftet ligg på Kjøtteinen, har dei lokale topografiske tilhøva og kjennskapen til dei vorte nytta for å utvikla verftet. Der leiinga lokalt har hatt kunnskap og vilje, har det likevel vore knapt med pengar og behov for kapital utanfrå for å dra full nytte av potensialet.
Frå sildekonsern til Aker-eigarskap
Då sildeoljefabrikken gjekk konkurs i 1926, kom forretningsmannen og industribyggjaren Sigfinn Bartz-Johannessen frå Bergen inn som eigar. Bartz-Johannessen sikra betre marknadstilgang til så vel råvarer som avsetning av produkta. Ei storstila utbygging gjorde sildoljefabrikken til ein av dei leiande i Noreg og til hjarta i sildoljekonsernet til Bartz-Johannessen. Investeringane la grunnlaget for at verkstaden til sildoljefabrikken kunne utviklast til eit skipsverft etter andre verdskrig. Med Onar Onarheim, sonen til Theodor, vart verftet bygd ut som eit av dei mest moderne i Noreg. Men det klarte det ikkje å etablera seg i marknadane dei sikta mot. Midt i 1950-åra måtte leiinga på Kjøtteinen velja mellom å redusera ambisjonane eller å retta verksemda inn mot endå større skip. Dei valde det siste. Løysinga vart Fred Olsen og Aker-konsernet i Oslo, som tilførte kapital og la grunnlaget for at fleire av dei største tankskipa i verda i åra vart bygde på Stord frå 1967 til 1975. Verftet vart det leiande i Akergruppen, motoren i norsk industri, der eit nært forhold mellom leiing og tilsette var i ferd med å bli til midt i 1950-åra. Dei tillitsvalde og leiinga på Stord vart del av ein konsernapparat der dei utover i 1960-åra fekk førande roller. Innføring av fastløn, styrkinga av den norske samarbeidstradisjonen og kimene til det som kom til å bli Aker-skolen i tenkinga rundt bedriftsleiing var stikkord.