Karbonbudsjettet: CO2-utslepp tilbake til nivå før korona

Kvart år leverer klimaforskarar karbonbudsjettet frå heile verda. Klimamiljøet i Bergen har gjort ein betydeleg innsats for å skildra CO2-data frå havet.

Sist oppdatert: 4. nov. 2021
Is klima gronland illustrasjonsfoto
Enn så lenge viser karbonrekneskapet at verdas hav held seg konstante og tar opp den same prosenten av CO2 som før. Her eit motiv frå Vest-Grønland. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

– 2020 var eit ganske spesielt år, då gjekk utsleppa ned, seier Siv K. Lauvset. Klimaforskaren i NORCE og Bjerknessenteret er ein av fleire som har arbeidd med Global Carbon Budget 2021.

Frå NORCE har også Jörg Schwinger bidrege til årets rapport.

Karbonbudsjettet for korona-året 2020 viste ein nedgang i karbonutslepp verda over, på 5,4 prosent. I 2021 er vi derimot tilbake der vi starta, med like store utslepp som åra før.

– Til og med ein pandemi var ikkje nok, seier Meike Becker, forskar på Geofysisk institutt og Bjerknessenteret. Ho er ein av forfattarane i den vitskaplege publikasjonen.

– Vi ser svært tydeleg at det ikkje går nedover, legg Lauvset til.

Store mengder data på havet

Karbonbudsjettet gir djup innsikt i kor mykje CO2 nasjonane i verda slepp ut og kvar utsleppa hamnar. Klimamiljøet i Bergen, UiB, NORCE og Bjerknessenteret, har levert store mengder data på korleis det går med hava i verda, gjennom observasjonar og modellar.

ICOS-Norway, som koordinerast av NORCE-forskar Siv K Lauvset, har også spelt ei sentral rolle. Ein har data som strekk seg heilt tilbake til 90-talet og med modellane kan ein rekne seg tilbake til førindustriell tid.

Karbonrekneskapet kan spele ei viktig rolle i COP26, FN sitt 26 klimatoppmøte, denne gongen i Glasgow, Skottland.

Havet har sentral rolle i karbonbudsjettet

Havet speler ei sentral rolle når vi skal kutte ned utsleppa av CO2 for å nå målet om 1,5 graders oppvarming.

– Av dagens utslepp går halvparten i atmosfæren, resten går i havet eller på land, det vil seie i planter og naturen. Om det i framtida blir slik at havet tar opp mindre CO2, eller til og med gir frå seg CO2, då vert det meir i atmosfæren, og den globale oppvarminga vert større, seier Lauvset.

Lauvset og Becker co2 hav
Siv K. Lauvset, klimaforskar i NORCE og Bjerknessenteret. Til høgre Meike Becker, forskar på Geofysisk institutt, UiB, og Bjerknessenteret. (Foto: Jens H. Ådnanes)

Endra økosystem kan endre CO2-opptak

Den globale oppvarminga endrar havet, som igjen kan endra korleis havet tar CO2 opp i seg.

– Når havet vert varmare, endrar økosystemet seg, saman med ei rekkje andre ting. Det kan endre korleis havet tar opp CO2. Vi må tilpasse oss for å nå måla vi har sett oss, og då må vi vite korleis prosessane i naturen endrar seg, seier Becker.

Enn så lenge viser karbonrekneskapet at verdas hav held seg konstante og tar opp den same prosenten av CO2 som før, fortel dei to forskarane.

– Men vi veit ikkje om havet fortset med det, eller korleis det potensielt endrar seg, seier Becker.

Jens Helleland Ådnanes, kommunikasjonsrådgiver, UiB (tekst)