Innsikt

Bokpresentasjon: I lykkelandet. Stord, Aker og Kværner. Verftet på Kjøtteinen 1919-2019

I 2019 feira offshoreverftet til Kværner på Stord 100 års verksemd på Kjøtteinen. Dette er ei forteljing om eit industrieventyr med eit verft som framleis eksisterer og konkurrerer. Verftet vart til som ein knopp i verkstaden til sildoljefabrikken frå 1919. Utan tidlegare erfaring med skipsbygging vaks det fram eit verft som kunne byggja supertankarar som frakta olje på verdshava i 1960-åra. Då marknaden for skipsbygging kollapsa i første del av 1970-åra, fekk verftet med ein god dose hell i oppdrag å byggja ei av dei første oljeplattformene på norsk sokkel og inn i eit vidare liv som ei av dei sentrale norske offshorebedriftene.

Sist oppdatert: 11. feb. 2020
Publisert 11. feb. 2020

Boka Hundre år i endring. Verftet på Stord 1919-2019 fortel korleis verftet på Stord vart ein deltakar i historia om «lykkelandet» Noreg, der olja i Nordsjøen gav det norske velferdssamfunnet ekstra smurning. NORCE samfunn har hatt hovudansvaret for prosjektet med Kværner på Stord som oppdragsgjevar. Knut Grove var prosjektleiar og ein av forfattarane, saman med Trond Holmen Erlien og Hans-Jakob Ågotnes frå Institutt for arkeologi, historie, religions- og kulturvitskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen, og frilansarane Martin Byrkjeland og Eva-Marie Tveit. Boka har kome ut på Fagbokforlaget- https://www.fagbokforlaget.no/Hundre-%C3%A5r-i-endring/I9788245027044

Framstillinga er i fem deler. I del I er det tida som sildoljefabrikk fram til rett etter andre verdskrig som blir fortalt, medan historia vidare har fire ulike inntak med vekt på dei siste 25 åra: som leiarane og eigarane si historie, om teknologien og framstillinga av produkta, om arbeidsorganisering, arbeidsmiljø og medbestemming og til slutt om forholdet mellom verft og lokalsamfunn.

Kjøtteinen: ei ideell plassering

Det var ikkje gitt at historia om sildoljefabrikken og verftet skulle utspela seg på Kjøtteinen sørvest for Leirvik på Stord. Sjøkapteinen Theodor Onarheim ønskte opphaveleg å bygga vel fire mil lenger nordaust, i Herøysund i Kvinneherad. Men det vart Kjøtteinen og Stord. For sildoljefabrikken var nærleiken til sildefelta og å ha ei god hamn avgjerande. I 1950-åra såg Fred Olsen og Aker at Kjøtteinen var ein ideell stad for å byggja skrog til store tankskip, då Oslofjorden og byen sette grenser for kva som kunne byggast ved Akers mek. På Kjøtteinen gjorde den korte avstanden til det djupe Digernessundet i neste omgang også verftet til ein ideell stad for samankopling av plattformdekk og –understell. Om det er tilfeldig at verftet ligg på Kjøtteinen, har dei lokale topografiske tilhøva og kjennskapen til dei vorte nytta for å utvikla verftet. Der leiinga lokalt har hatt kunnskap og vilje, har det likevel vore knapt med pengar og behov for kapital utanfrå for å dra full nytte av potensialet.

Bilde1
Stord sildoljefabrikk i 1920-åra. (foto: Kværner Stord).

Frå sildekonsern til Aker-eigarskap

Då sildeoljefabrikken gjekk konkurs i 1926, kom forretningsmannen og industribyggjaren Sigfinn Bartz-Johannessen frå Bergen inn som eigar. Bartz-Johannessen sikra betre marknadstilgang til så vel råvarer som avsetning av produkta. Ei storstila utbygging gjorde sildoljefabrikken til ein av dei leiande i Noreg og til hjarta i sildoljekonsernet til Bartz-Johannessen. Investeringane la grunnlaget for at verkstaden til sildoljefabrikken kunne utviklast til eit skipsverft etter andre verdskrig. Med Onar Onarheim, sonen til Theodor, vart verftet bygd ut som eit av dei mest moderne i Noreg. Men det klarte det ikkje å etablera seg i marknadane dei sikta mot. Midt i 1950-åra måtte leiinga på Kjøtteinen velja mellom å redusera ambisjonane eller å retta verksemda inn mot endå større skip. Dei valde det siste. Løysinga vart Fred Olsen og Aker-konsernet i Oslo, som tilførte kapital og la grunnlaget for at fleire av dei største tankskipa i verda i åra vart bygde på Stord frå 1967 til 1975. Verftet vart det leiande i Akergruppen, motoren i norsk industri, der eit nært forhold mellom leiing og tilsette var i ferd med å bli til midt i 1950-åra. Dei tillitsvalde og leiinga på Stord vart del av ein konsernapparat der dei utover i 1960-åra fekk førande roller. Innføring av fastløn, styrkinga av den norske samarbeidstradisjonen og kimene til det som kom til å bli Aker-skolen i tenkinga rundt bedriftsleiing var stikkord.

Bilete 2
Kjøtteinen i 1952. Det nye skipsverftet nærast i biletet, med sildoljefabrikken som framleis går for fullt bak (foto: Kværner Stord).

I offshoreverda

Det var fordi verftet var på teknologisk på topp som storskipsbyggar det kunne omstillast til offshoreverft midt i 1970-åra. Då Akergruppen satsa på nettopp Stord Verft, var det viktigaste likevel at skipsbyggingsverftet elles ville gått under saman med kundane i reiarlaga som bestilte supertankarane. Konsekvensane for lokalsamfunn og konsernet sitt omdøme i ei tid det var avhengig av politisk velvilje for å overleva, vog tungt. På Kjøtteinen var det tekniske fasilitetar, men liten kunnskap og kanskje ei naiv innstilling til kva som skulle til for å bygga offshoreinstallasjonar. Overgangen frå skipsbygging vart vanskeleg: Dei to åra med Statfjord A-dekket 1975–1977 er av dei mest kaotiske på Kjøtteinen i heile 100-års-perioden. Leveringa kvalifiserte heller ikkje automatisk for nye oppdrag: Statfjord B gjekk til Rosenberg i Stavanger. Stord Verft vart aldri hoffleverandør på norsk sokkel. I staden fekk operatørane fleire leverandørar å spela på. Verftet si utvikling var prega av vilkåra norsk leverandørindustri fekk fram til «fornorskingslinja» vart lagt til sides i 1990-åra og konkurransen med utanlandske verft slept laus.

Plattformene endra seg frå å ha vore botnfaste med betongbein til halvt nedsenkbare plattformer som kunne forankrast i botnen med anker, såkalla flytarar. Njord i 1997 vart den første frå Kjøtteinen. Frå midten av 1990-åra skulle norsk leverandørindustri ikkje lenger skjermast, men kutta kostnader og bli meir effektiv.

«Den fulle krafta av global konkurranse»

Med Røkke og Gjelsten i 1996 fekk Aker og verftet på Kjøtteinen ein ny eigar, der oppkjøpet av Kværner i 2001 samla det meste av norsk leverandørindustri. Verftet på Kjøtteinen vart ein aktør i fri global konkurranse. På Kjøtteinen skulle auka effektivitet og færre tilsette gje meir kompetanse i eit meir kompakt og prosjektorientert verft. Store organisasjonar rundt det einskilde prosjektet kravde bruk av underleverandørar og innleigde arbeidarar, der utvidinga av EØS-avtalen etter 2003 gjorde gjestearbeidarar frå Aust-Europa til faste innslag i prosjekta, enten desse gjekk føre seg på Kjøtteinen eller andre stader. Prosjekta omfatta ikkje lenger berre plattformar, men også store landanlegg på Kårstø, Nyhamna og Melkøya frå 2002 til 2007, men også produksjonsskip og spesialbygde boreriggar – og frå 2014 igjen på Nyhamna. I tillegg vart demolering, å plukka frå kvarandre utrangerte offshoreinstallasjonar, ein ny aktivitet.

Røkkes oppkjøp var ikkje berre eit raid, men byrjinga på eit langvarig eigarforhold. At det vart slik, heng ikkje minst saman med tradisjonen for samarbeid mellom leiing og tilsette i Aker. Initiativ frå fagforeiningane og dei tillitsvalde har vore avgjerande, som då staten gjekk inn som medeigar i Aker i 2006. Då hadde eigarane førebudd sal av Aker, etter at Hydro hadde valt å gå saman med Statoil heller enn Aker. På Kjøtteinen var kjøpet av ny krane i 2013 resultatet av eit lokalt initiativ der dei tillitsvalde gjekk i bresjen overfor Kværner-styret for å få visa at dei var verde å satsa vidare på. Med den største kranen i Nord-Europa vart det mogleg å bygga større modular. Modulane var til i den svære og flyttbare Stord-hallen som alt i 1980-åra hadde flytta det meste av produksjonen under tak.

Bilete 4
«Storen» - den største krana i Nord-Europa - har ruva over anlegget på Kjøtteinen sidan slutten av 2013. (Foto: Kværner Stord).

Rolla som ei eiga bedrift på Stord vart svekka. Med Aker Solutions i 2008 var det slutt på Stord-namnet i bedriftssamanheng. Ei spesialisering og ei klarare arbeidsdeling innan Aker, med Kværner som eige selskap kulminerte i 2015 med Eitt Kværner – eit a/s utan einskildbedrifter, der Stord og Kjøtteinen vart ein av fleire lokasjonar styrt frå Fornebu og Aker Asa. Tilhøvet mellom bedrifta og lokalsamfunnet var også endra på andre måtar. Tankskip kunne verftet levera fleire av i året. Produksjonsplattformer for olje og gass er store, men få, og det kan gå lang tid mellom prosjekta. Bygginga av eit plattformdekk kunne halda heile verftet i hektisk aktivitet i fleire år, og trekte store mengder leigefolk til Stord. Ringverknadene for lokalsamfunnet ved å vinna eller tapa ei kontrakt var langt større enn i skipsbyggingstida. Med ei stor offhorekontrakt gjekk flagget utanfor rådhuset i Leirvik til topps, og den økonomiske situasjonen for kommune så vel som for mange av stordabuene elles såg lysare ut.

Bilete 3
7. juni 2015. Ordførar Liv Kari Eskeland framfor rådhuset etter tilslaget på utstyrs- og bustadsplattforma til Johan Sverdrup-feltet. (Foto: Kværner Stord).

Hundre år med hell og dugleik

Verftet si historie har handla like mykje om tilfelle og hell i uhell som suksess, at nederlag har blitt tekne med fatning og vilje til å sjå framover og til å satsa når høvet har meldt seg. Det å vera teknologisk langt framme og eit vedvarande samarbeid mellom leiing og tilsette har vore viktige og stabile trekk. Verftet eksisterer såleis gjennom ein heldig kombinasjon av forholda på Kjøtteinen og ytre omstende. Dette vert særleg synleg på historiske treffpunkt der ytre faktorar gav aktørane ved verftet rom til å handla og å dra nytta av lokale føresetnader, kunnskap og vilje. Etableringa på Kjøtteinen i 1919, overgangen til skipsbygging frå 1945, at rett investor kom på rett tid – fremst Fred. Olsen og Aker i 1955 - og til slutt den slitsame overgangen til offshore midt i 1970-åra, har vore nøkkelhendingane. Ved desse tidspunkta kunne bedrifta definitivt gått i andre retningar. Etter 1996 var salet som vart stoppa i 2006, og kjøpet av kranen i 2012, liknande, om enn ikkje like avgjerande treffpunkt. Men hendingane gjer det tydelegare korleis utviklinga kunne teke ei anna retning, og er avgjerande for å forstå kvifor det framleis var eit verft på Kjøtteinen i 2019.

Boka om verftet på Kjøtteinen kastar lys over ein viktig del av norsk industri- og oljehistorie. Ho viser korleis den norske sørvestkysten har vore ei gunstig plassering geografisk og konkurransemessig– både når det galdt den tidlege etableringa og som del av ei forteljing om det norske oljeeventyret og Noreg som «lykkelandet». Korleis denne forteljinga skal halda fram når olje- og gassnæringa skal byggast ned, er meir uvisst. Ved Kværner på Stord vert verftet si evne til å planlegga og gjennomføra store og komplekse prosjekt framheva, noko som kan overførast til andre typar prosjekt og bransjar enn olje og gass-næringa. Så langt har demontering og demolering av gamle offshoreinstallasjonar og satsing på havvind vist veg. Slik vonar verftet på Kjøtteinen også å ha ei framtid som industribedrift og senter i Noreg og Sunnhordland også etter «det grøne skiftet».

Bilete 5
"Open dag» på Kjøtteinen i april 2014. Då kan alle som vil koma til verftet og sjå kva som skjer der. I bakgrunnen Eldfisk-plattforma som var i ferd med å bli ferdigstilt (foto: Kværner Stord).

Aktuelt

Hva myndighetene kan lære BILDE
31. mar. 2020

Hva myndighetene kan lære om kommunikasjon om usynlige farer

Skjermbilde lavbeite vidda
02. mar. 2020

Kartlegger reinbeite på Finnmarksvidda

17. des. 2019

Lyden av liv – en film om musikk og musikkterapi i eldreomsorgen

Dokumentarfilmen Lyden av liv viser korleis musikk og musikkterapi i eldreomsorga kan brukast i førebygging og behandling blant ulike grupper eldre, samstundes som filmen synleggjer verdien av eldre si musikkdeltaking i lokalsamfunnet.

7466198800 0a663eedf7 k Mark Ledingham Tromsø kommune
01. nov. 2019

CASS - Centre for Arctic Sustainable Societies

Trond Dokken Klima Paraply
18. okt. 2019

Jantelov og skam – slutt med det!