2020 var eit unntaksår, som viser seg som ein knekk i kurva over stigande karbonutslepp.
– Skal ein nå målet på 1,5 grader global oppvarming, må kvart år framover vere som unntaksåret 2020, seier Jörg Schwinger, forskar ved NORCE og Bjerknessenteret.
No er dei globale karbonutsleppa tilbake på ei stigande kurve, med utslepp som er litt over nivået i 2019, altså før COVID 19.
Det viser rapporten Global Carbon Budget 2022, som i dag fredag 11. november blei presentert på klimatoppmøtet COP27 i Sharm-El-Sheik. Tala i årets karbonbudsjett er produsert av ei lang rekke forskarar, som har brukt observasjonar, statistikk, og modellar i dette arbeidet.
Totalt fire forskarar tilknytta Bjerknessenteret, har bidrege til årets karbonbudsjett: Are Olsen og Meike Becker frå Universitetet i Bergen, og Jörg Schwinger og Ingunn Skjelvan frå NORCE.
Sjå tal og grafiske presentasjonar hos globalcarbonbudget.org
I karbonbudsjettet er det to hovudkjelder til utslepp:
- Fossilt brennstoff – som inkluderer forbrenning av olje, gass, kol og sementproduksjon
- Landendringar – som i stor grad handlar om avskoging av regnskog.
I karbonbudsjettet ser ein også på kvar utsleppa blir av. Store delar av karbonutsleppa til atmosfæren blir tatt opp i havet og i vegetasjon på land, og desse sluka har gjort oss menneske ei stor teneste – sidan dei menneskeskapte utsleppa tok til, har dei tatt opp vel halvparten av våre utslepp til atmosfæren.