Eg er seniorforskar (Ph.D) med kommunal- og regional planlegging som spesialfelt. Eg disputerte ved UiT - Norges Arktiske Universitet i 2021 og doktorgradsprosjekt mitt er ei studie av dei folkevalgte si rolle i utforming og bruk av planstrategiar.
Eg har erfaring som planleggar i frå både kommunal- og fylkeskommunal verksomheit. I løpet av doktorgradsperioden deltok eg aktivt i NFR-prosjektet EVAPLAN2008 som evaluerte plan- og bygningslova av 2008.
Sentrale forskingstemaer er plan- og bygningslova, offentleg sektor, medverknad i planarbeid og kommunal- og regional planlegging.
Eg har vore, og er, svært engasjert i kunnskapsoverføring til kommunal- og fylkeskommunal sektor og bidrar til å spre kunnskap om planmyndigheitene si rolle og oppgåver med eit ynskje om å formidle komplekse temaer på ein tilgjengeleg måte.