Gå rett til innhold
<
<
Klimaomstillingskonferansen 2025

Klimaomstillingskonferansen 2025

Årets tema er «Tid for endring – Halvvegs i tiåret for handling», der konferansen tek eit tilbakeblikk på dei siste ti åra og ser framover mot dei nødvendige endringane som må til for å møte klimautfordringane. I 2025 er vi midt i tiåret for handling -eit godt er høve til å vurdere kva som har fungert og kva meir som må gjerast for å nå måla vi har satt oss.

Konferansen, som går av stabelen i Sogndal 6.–7. mai, samlar fagfolk, offentleg sektor, forskarar, politikarar og næringslivsrepresentantar frå heile landet for å dele innsikt og erfaringar. Deltakarane vil få verdifulle perspektiv på viktige tema som klimarisiko, naturbaserte løysingar og havnivåstiging, samt få innsikt i den siste forskinga på klimaområdet. I tillegg vil konferansen rette søkelyset på forbruksbaserte utslepp og diskutere korleis vi kan handtere dei samfunnsendringane som er nødvendige for å møte framtidas klimautfordringar både på globalt og lokalt nivå.

Det blir også eit fokus på den internasjonale klimapolitikken og korleis den påverkar Noreg og vårt arbeid med klimaomstilling. Gjennom parallellsesjonar får deltakarane fordjupe seg i ulike tema, med konkrete eksempel på løysingar og initiativ som har hatt betydning for klimaomstillingsarbeidet dei siste åra, i tillegg til å delta i arbeidsverkstadar for å relatere tematikken til sitt eige arbeid.

Klimaomstilling er ein årleg nasjonale konferanse, som er ein viktig arena for deling av kunnskap om klimaendringar, utsleppsreduksjon og tilpassing til klimaendringane. Konferansen har sitt opphav i eit mangeårig, regionalt samarbeid og har i år ti års jubileum.

Klimaomstilling 2025 er ei unik moglegheit for å få både faglege innblikk og praktisk kunnskap som kan takast vidare i det daglege arbeidet med klimautfordringar. Vi oppmodar alle som er engasjert i klimaomstillinga – frå offentleg sektor til næringslivet og forskingsmiljø – å delta på konferansen for å bidra til å forme ein meir klimarobust framtid.

Velkomen til ein inspirerande og innsiktsfull konferanse i Sogndal 6.–7. mai 2025!

#Klimaomstilling

#Klimaomstilling har opphav i eit mangeårig, regionalt samarbeid på klimaområdet og innan tilpassing til klimaendringar.

Dette samarbeidet starta i Sogn og Fjordane, og blir ført vidare i Vestland fylke. Konferansen føregår i Sogndal.

Kontaktperson

Marie Pontoppidan

Forskningsleder Regionalt klima - Bergen

mapo@norceresearch.no
+47 56 10 75 47

Tid

Fra: Tirsdag 6. mai 2025
kl: 08.00

Til: Onsdag 7. mai 2025
kl: 16.00

Sted

Sogndal.

Forskergrupper

Regionalt klima og klimaservice Klima, miljø, bærekraft

Forskningsområder

Klima Samfunn

Meld deg på her