Effektevaluering av "Stopp seksuell trakassering"

Hva gjør vi

Gjennom tildeling av midlar frå Stiftelsen Dam gjennom Rådet for Psykisk Helse har vi pilottestet tiltaket «Stopp seksuell trakassering» og skal no effektevaluere tiltaket gjennom ein kluster randomisert kontrollert studie. I studien vil elevar og lærarar ved 30 til 40 ungdomsskular svare på spørjeskjema i forkant av gjennomføringa av tiltaket, kort tid etter og ca eit halvt år etter tiltaket.

«Stopp seksuell trakassering» er eit tiltak som har som målsetting å betre elevane si psykiske helse ved å førebyggje kjønnsrelatert og seksuell trakassering i ungdomsskulen.

Sjølve tiltaket består av ei kompetanseheving om kjønnsrelatert og seksuell trakassering for lærarane og eit undervisningsopplegg om desse tema for elevane. Kompetansehevinga for lærarane er digital og kan gjennomførast på ca sju timar. Gjennom den digitale opplæringa får lærarane med seg åtte klasseleksjonar som dei gjennomfører med elevane på ungdomstrinnet. Gjennom elevaktivitetane i disse leksjonane vil elevane identifisere kva trakasseringsproblematikk som er utfordrande på skulen deira, og vidare fokusere på handteringa av dette i tett samarbeid med lærarane. «Stopp seksuell trakassering» vil kunne dekke konkrete mål i LK20 og kan sjåast som eit bidrag til kompetanseheving for lærarar i samband med fagfornyinga.

Mål

RCT-studien vil gje svar på om elevar på skular som deltek i «Stopp seksuell trakassering» vil oppleve:

  • mindre grad av seksuell trakassering, i form av fysisk, verbal og digital uønskt seksuell merksemd,
  • mindre grad av kjønnsrelatert trakassering, i form av trakassering på grunnlag av kjønnsuttrykk og seksuell orientering og
  • betre psykisk helse.

For meir informasjon om RCT studien sjå registreringa i Clinical Trials.

Ei prosessevaluering av tiltaket vil òg gjennomførast.

Delta i prosjektet

Dersom du ønskjer at skulen dykkar skal delta i tiltaket «Stopp seksuell trakassering» kan du sende rektor dette invitasjonsbrevet (PDF).