Gå rett til innhold
<
<
6n Degrees of Freedom Transient Torque &amp; Drag

6n Degrees of Freedom Transient Torque &amp; Drag

, Courtesy of, Bore2, <p>Courtesy of doi:/10.2118/195632-MS</p>,

Courtesy of

Når ein borar vertikale og devierte brønnar, er det vanleg at kraftige borestrengs-vibrasjonar er kjelde til redusert yteevne eller til hendingar når ein borar. Hendingar kan til dømes vera ustabilitetar i brønnen, øydelegging av reiskap/instrument nedi brønnen eller tidleg slitasje av borerøyr.

Det er mange ulike typar borestrengs vibrasjonar: nokon er torsjonale, andre er aksiale eller til og med laterale. I praksis, så kan alle tre vibrasjonsrørslene skje samtidig langs borestrengen.

Det er mogeleg å modellere den kombinerte effekten av aksiale og torsjonale vibrasjonar i sanntid, men det er mykje meir utfordrande å inkludere modellering av den laterale forflyttinga og samtidig operere i sanntid. Dette prosjektet vil forsøke å løyse den fulle transiente forflyttinga av borestrengen inkludert den laterale rørsla, med nye numerisk metodar som tillèt å jobbe med ein grovare diskretisering av borestrengen og som dermed vil kunne opne opp for at modellen kan operere i sanntid.

Samtidig så er vibrasjon av borestrengen tett knytta til hydraulisk induserte krefter så vel som oppmaling av borekaks under transporten. I tillegg er det ikkje uventa om tunge laterale vibrasjonar kan vera årsaka til ustabilitetar i borehullet. Ein vil derfor også undersøke påverknaden laterale sjokk kan ha på mogeleg kollaps av borehullet.

Problemet er dermed eigentleg ei tverrfagleg problemstilling som inkluderer mekaniske, hydrauliske, material transport og geomekaniske aspekt. Ein vibrasjonsmodell som opererer i sanntid skal gjera det mogeleg å utvikle metodar for å redusere unødvendige borestrengs-vibrasjonar som vil føre til redusert energiforbruk under boreoperasjonar, meir effektive boreoperasjonar og ein vil også potensielt få færre hendingar under boring.

Prosjektfakta

Navn

6n Degrees of Freedom Transient Torque &amp; Drag

Status

CONCLUDED

Periode

01.06.20 - 31.12.23

Totalt budsjett

25.000.000 NOK

Forskningsområder

Forskningsgrupper

Finansiering

Equinor, Sekal, Research Council of Norway (RCN)

Prosjektmedlemmer

Alexandre Lavrov
Rune Wiggo Time