Patient-reported depression treatment: an observational study in general practice

Føremål: Å undersøkje kva hjelp pasientar med sjølvrapportert depresjon fekk hos fastlegen, og i kva grad dei var fornøgde med den hjelpa dei fekk.

Materiale og metode: Denne tverrsnittsstudien er basert på spørjeskjema som vart sendt med medisinstudentar frå UiB i praksisperiode på fastlegekontor. Spørjeskjemaa vart levert til tilfeldige pasientar på venteromma, med einaste kriterium alder ³ 18 år. I studiepopulasjonen inkluderte vi alle pasientane som oppgav at dei hadde tatt opp depresjon med fastlegen, N = 780. Frekvensanalysar vart brukt for å kartleggje studiepopulasjonen, kva hjelp desse hadde fått av fastlegen og kor samde dei var i at dei fekk god hjelp. Krysstabellar og kji-kvadrat-test med signifikansnivå 0,05 vart brukt for å undersøkje skilnadar i fornøgdheit blant pasientane.

Resultat: Av dei 780 pasientane hadde 41,0 % fått all behandling hos fastlegen, medan 51,7 % hadde fått tilvising til psykolog/psykiater. Tre av fire pasientar var fornøgde med hjelpa dei fekk frå fastlegen. Pasientar med høgare utdanning fekk hyppigare sjukemelding og tilvising til psykolog/psykiater eller psykomotorisk fysioterapi enn dei med berre grunnskule, som oftare fekk føreskrive medikament. Dei eldre fekk hyppigare føreskrive medikament enn dei yngre, som oftare vart tilvist til psykolog/psykiater.

Konklusjon: Denne studien påviste sosiodemografiske skilnadar i behandlingstilbod frå fastlegen, og kan dermed vere eit relevant utgangspunkt for vidare studiar. Trass i dei sosiodemografiske skilnadane, var det ingen signifikante skilnadar mellom dei ulike gruppene når det gjaldt fornøgdheit med fastlegen. Dette kan tyde på at dei ulike gruppene har ulike behandlingspreferansar.