Go straight to content
<
<
Onkogeriatrisk vurdering og samval ved avansert lungekreft - ein multisenter implementeringsstudie

Onkogeriatrisk vurdering og samval ved avansert lungekreft - ein multisenter implementeringsstudie

Nye, potente behandlingsmetodar gjer at fleire lever lenger med avansert lungekreft, og pasientgruppa er aukande. Særleg hjå eldre pasientar kan det vere vanskeleg å forutsjå kven som vil ha nytte av og toleranse for tumorretta behandling, og kven som vil få eit dårlegare pasientforløp enn om ein fokuserte på lindrande behandling. Sjølv om nytteverdien av brei geriatrisk vurdering ved kreftsjukdom, såkalla onkogeriatrisk vurdering, er dokumentert for fleire kreftformer, er det enno ikkje utforska korleis dette bør implementerast på best mogleg måte for lungekreftpasientar. Vi manglar kunnskap om korleis desse pasientane og helsepersonell i Noreg vil kunne nyttegjere seg av onkogeriatrisk vurdering kombinert med samvalsopplæring tilpassa vår organisering av kreftbehandling. Forsking viser også at det er vanskeleg å gjennomføre samval i klinisk praksis, sjølv om dette er den anbefalte standarden for beslutningar. Hovudmålet i dette prosjektet er å studere korleis implementering av geriatrisk vurdering og kommunikasjonstrening i samval for helsepersonell kan bidra til betre beslutningsgrunnlag og pasientforløp ved avansert lungekreft. Dette inneber geriatrisk screening av pasientar over 70 år som skal vurderast for 2.linjebehandling med avansert lungekreft i Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde. Vi vil så gjennomføre brei geriatrisk vurdering (fysiske og psykiske sjukdomar, kognitiv og sosial funksjon, ernæringsstatus, polyfarmasi og funksjonsnivå) av dei som screenar positivt, og utarbeide ein individuell plan for den enkelte pasient i tråd med sårbare funn (geriatrisk behandlingsplan). Intervensjonen vil evaluerast med spørreskjema og kvalitative intervju av pasientar, pårørande, helsepersonell og leiarar. Lydopptak av lege-pasientsamtalane vil analyserast med standardiserte reiskapar for vurdering av om samval blir gjennomført. Vi vil undersøke brukarerfaringar av opplevd nytteverdi, brukarvenlegheit, gjennomførbarheit og berekraft av intervensjonen i helsevesenet. For å belyse ulike sider ved intervensjonen nyttar vi eit mixed methods implementeringsdesign med bruk av både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar, der det også blir gjort målingar av livskvalitet, symptombyrde, skrøpelegheit, utvikling av kreftsjukdomen, biverknader av kreftbehandling og død. Dette prosjektet vil bidra til å gjere det lettare å velge rett behandling og rett pasientforløp til den einskilde pasienten; tilby potent behandling til dei som vil tole det og ønskjer det, og avstå hjå skrøpelege pasientar der behandlinga mest truleg vil gjere meir skade enn nytte, og der pasienten ikkje ønskjer slik behandling. Ved å bruke same metode ved sjukehusa i helseregionen vår og samarbeide med kommunehelsetenesta, sikrast både brei forankring og mindre regional ulikskap. Prosjektet vil også bidra til betre prioriteringar i verksemda ved å unngå overbehandling. På sikt er målet å få metoden implementert i det nasjonale handlingsprogrammet for lungekreftbehandling.

Project facts

Name

Onkogeriatrisk vurdering og samval ved avansert lungekreft - ein multisenter implementeringsstudie

Status

Active

Duration

01.08.22 - 31.12.25

Location

Bergen

Prosjekteier

Helse Bergen HF - Haukeland universitetssykehus

Project members

Margrethe Schaufel
Marit Stordal Bakken
Tove Skjeldbakken
Øystein Fløtten
Frode Lindemark
Sverre Fluge
Pål Gulbrandsen
Silje Orstad
Tesfaye Madebo
Bjørn Henning Grønberg
Rune Tilseth
Roger Strand

Samarbeidspartnere

Helse Bergen HF - Haukeland universitetssykehus, NORCE, Universitetssykehuset Nord-Norge HF, Helse Fonna HF, Universitetet i Oslo, Helse Stavanger HF - Stavanger universitetssjukehus, St. Olavs Hospital HF