Effektevaluering av "Stopp seksuell trakassering"

Formål: Formålet med prosjektet er å teste effekten av intervensjonen «Stopp seksuell trakassering» i ungdomsskulen. Denne intervensjonen blei laga for å førebyggje seksuell trakassering og kjønnsrelatert trakassering (som handlar om trakassering på grunnlag av kjønnsuttrykk og seksuell orientering) blant elevar i ungdomsskulen. Eit anna mål med prosjektet er å identifisere faktorar som kan forklare kvifor eller kvifor ikkje «Stopp seksuell trakassering» hadde ein effekt ved bruk av ei prosessevaluering. Deltakarar: Deltakarane i denne studien vil bestå av cirka 4000 elevar og 200 lærarar ved 32 ungdomsskular i Vestland, Rogaland, Nordland og tidlegare Buskerud. Halvparten av skulane vil bli trokke til å delta i tiltaket «Stopp seksuell trakassering», medan halvparten av skulane vil bli trokke til å inngå som kontrollskular og ikkje delta i tiltaket (før data er innsamla). Metode: For å måle om intervensjonen "Stopp seksuell trakassering" har ein effekt vil designet Kluster randomisert trial bli nytta. Spørjeskjema vil takast i bruk fordi det er ein effektiv metode til å hente inn relevant informasjon frå alle deltakande elevar og lærarar. Elevane vil bli bedt om å svare på spørsmål om i kva grad dei sjølv har opplevd eller utsett andre for seksuell og kjønnsrelatert trakassering, og spørsmål som handlar om deira mental helse. Lærarane vil bli bedt om å svare på spørsmål om korleis dei reagerer på seksuell og kjønnsrelatert trakassering mellom elevane. Fleirnivåanalysar der elevsvara og lærarsvara er klustra på skulenivå og over tid vil nyttast. Ved å samanlikne førekomsten av seksuell og kjønnsrelatert trakassering blant elevar i ungdomsskular som deltek i «Stopp seksuell trakassering» (intervensjonsskular) med elevar i ungdomsskular som ikkje deltek i denne intervensjonen (kontrollskular) før og etter deltakinga, vil det kunne etablerast om intervensjonen har ein effekt. Intervensjonen har ein effekt dersom den fører til mindre seksuell- og kjønnsrelatert trakassering i ungdomsskulen (effektevaluering). For å undersøke i kva grad intervensjonen vart implementert som planlagt, og for å undersøke kva erfaringar elevane og lærarane har med gjennomføringa av «Stopp seksuell trakassering» vil det bli utført ei prosessevaluering ved bruk av fokusgruppeintervju (prosessevaluering). Nytteverdi: Dersom «Stopp seksuell trakassering» fører til redusert kjønnsrelatert og seksuell trakassering i ungdomsskulen, vil tiltaket vere eit viktig bidrag i førebygginga av kjønnsrelatert og seksuell trakassering blant elevar i norske ungdomsskular.