Førebyggging av kjønnsrelatert og seksuell trakassering i ungdomsskulen

Formålet med prosjektet er å teste effekten av ein intervensjon som har som målsetting å førebyggje kjønnsrelatert og seksuell trakassering blant elevar i ungdomsskulen. Intervensjonen består av åtte klasseleksjonar og ein beredskapsplan som lærarar vil få opplæring i. Ei pilotundersøking som inneheld intervju med elevar og lærarar vil gje kunnskap om elevane og lærarane si erfaring med intervensjonen. Ut i frå elevane og lærarane sine erfaringar vil leksjonane modererast. Intervensjonen skal prøvast ut i form av ein kluster RCT-studie der elevar og lærarar ved 32 ungdomsskular svarar på spørjeskjema i forkant av intervensjonen (T1), tre (T2) og åtte månadar etter intervensjonen (T3). RCT-studien vil gje svar på om elevar på skular som deltek i intervensjonen vil oppleve mindre grad av fysisk, verbal og digital uønskt seksuell merksemd (seksuell trakassering) og trakassering på grunnlag av kjønnsuttrykk og seksuell orientering (kjønnsrelatert trakassering), og betre psykisk helse.