Hanne Kvilhaugsvik

Hanne Kvilhaugsvik

Post doc
Telefon: +47 56 10 76 08
Epost: hkvi@norceresearch.no
Kontoradresse: Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen, Norway

Eg arbeider som postdoktor på prosjektet «Evaluering av implementering av rammeplan for barnehagen 2018-2023», finansiert av Utdanningsdirektoratet.

Forskingsinteressene mine er knytte til offentleg politikk, styring og organisasjonsteori. Eg er særleg interessert i utdanningspolitikk og høgare utdanning. Innanfor metode har eg hovudsakleg arbeidd med casestudiar og kvalitative metodar.

Eg har doktorgrad i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen. I avhandlinga undersøkte eg endringar i styring av høgare utdanning i Norden, med fokus på instrument for kvalitet og relevans.

Tilknyting til forskingsgrupper:

  • Omstilling i offentlig sektor, ved NORCE Helse og samfunn
  • Kunnskap, politikk og organisering, ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen
  • Kunnskap og styring, ved Institutt for pedagogikk, Universitetet i Bergen