Sammensette grunnar til at folk vel å gå til og fra jobb

Det finst mindre kunnskap om gåing som framkomstmiddel, sett i forhold til syklistar, kollektivbrukarar og bilkøyrarar. Likedan mindre fokus på gåing som framkomstmiddel i transport- og byutviklingssamanheng. NORCE har difor på oppdrag frå Rogaland Fylkeskommune gjennomført ein studie om gåing.

Sist oppdatert: 10. jan. 2020

Studien tek for seg folks forhold til gåing, generelt, men primært til og frå jobb. Bakgrunnen for prosjektet er behov for å få fram meir kunnskap om gåarar og gåing til og frå jobb, kunnskap som i neste omgang kan bidra til økt merksemd kring det å gå og betre tilrettelegging for gåing til og frå arbeidsplassar.

Gåarar og gåing

NORCE har på oppdrag frå Rogaland Fylkeskommune gjennomført ein studie om gåing.

Rapporten «Om gåarar og gåing»

Nasjonal og regional gåstrategi

Statens Vegvesen utarbeida i 2012 ein nasjonal gåstrategi med mål om gjera det tryggare og trivelegare å vera fotgjengar, og indirekte frå dette, for å få fleire til å gå meir. Strategien har to hovudmål: det skal vera attraktivt å gå for alle, og fleire skal gå meir. Gåstrategien for Nord-Jæren 2018—2033 presiserer at i overkant av 80 prosent av alle reiser i regionen inkluderer gåing, og Transportøkonomisk institutt noterer at gange som transportmiddel stadig vert meir aktuelt i saker som handlar om byutvikling og transport.

Kvalitative intervju

Antropolog og sosiolog Merete Jonvik er seniorforskar i NORCE og er prosjektleiar for studien. Ho har gjort ti kvalitative intervju av personar i alderen 32–69 om kvifor dei går til og frå jobb – og kva gåinga gir dei.

Helse viktigaste motivasjonsfaktor

Helsemessig motivasjon for å gå veg klart tyngst blant gåarane i studien, dette er medrekna fysisk kondisjon, å vera i rørsle, og å innfri anbefalt mengde fysisk aktivitet, men òg opplevinga av mentalt velvære vert løfta fram som ein grunn til at dei vel å gå. Mange av informantane snakkar vel så mykje om mental helse og mentale effektar av gåinga, som om fysiske effektar. Dei opplever at gåing kan gi kjensler av mental ro, gir eit nærvær for sanseopplevingar, og at nye idear og tankespor kjem lettare til dei når dei går.

Oppsummert kan ein seia at gåinga fyller ulike behov hos informantane, den er nyttig fordi dei kjem seg til og frå jobb, den gir opplevde psykiske og fysiske helseeffektar – gjennom at gåinga bidrar til strukturering av tankar og løysning av små eller større kvardagsproblem – og i tillegg trekk nokre av dei fram at dei sparer pengar og unngår å belasta miljøet. I tillegg er ønskjer om å vera ute sentralt for kvifor dei vel å gå. Det er slik sett samansette grunnar til at desse gåarane vel å gå til og frå jobb, og desse faktorane kan forsterka kvarandre.