Legevaktindeks- ny og vidareutvikla versjon av Telefonråd

No er den nye versjonen av Telefonråd lansert og tilgjengeleg for alle. Denne har fått namnet Legevaktindeks og ligg på nettadressa legevaktindeks.no. Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM) arrangerte lanseringswebinar 1. september der det var 190 påmeldte deltakarar. Sjå webinaret i sin heilheit i biletet nederst i saka.

Sist oppdatert: 2. sep. 2020

Legevaktindeks er eit beslutningsstøtteverktøy spesielt utvikla for prioritering og rådgjeving ved henvendelser til legevakt og allmennlegekontor. Verktøyet skal bidra til å sikre god fagleg praksis og ei einsarta vurdering og prioritering av pasienthenvendelser.

Nytt namn

Bakgrunnen for namnevalget er den nære tilknyttinga til Norsk Indeks for Medisinsk Nødhjelp (NIMN). Legevaktindeks har no integrert alle kriterier fra NIMN, noko som betyr at brukaren ikkje treng å klikke seg fram og tilbake mellom dei to verktøya når ein vurderer hastegrad. NKLM og NAKOS har eit godt og åpent samarbeid, og ein felles langsiktig strategi for integrert beslutningsstøtteverktøy for heile nødmeldetenesta. Vi tenkjer at dette er naturleg og viktig med tanke på det tette samarbeidet mellom AMK og legevaktsentralane.

Opplæringskurs

På oppvakt.no finn du nettkurset «Legevaktindeks- opplæringskurs». Der får du ein introduksjon til korleis Legevaktindeks er bygd opp og korleis den skal brukast. Ein må logge seg inn via ID-porten, men kurset er gratis. Nettkurset tek maks 1 time å gjennomføre. Vi anbefaler alle som skal bruke Legevaktindeks å starte med å gjennomgå nettkurset.

Les meir om prosjektet Legevaktindeks her.

Lanseringswebinar for Legevaktindeks