D7 C 8310

Kor snøgt smeltar Sørpolisen?

NORCE skal leie gransking av FN-tala om hav og is gjennom EU-prosjektet TiPACCs. Kickoff i dag i Bergen.

Publisert 2. okt. 2019

Onsdag 25. september la FNs klimapanel fram sin siste rapport om hav og is. Panelet varslar om stor havnivåauking blant anna på grunn av meir issmelting på Sørpolkontinentet (Antarktis). Kunnskapen om kva som vil skje med isen på Sørpolen er derimot mangelfull og tala i rapporten er difor usikre og meir forsking må til om vi skal kunne gi eit meir nøyaktig varsel for kommande havnivå endring.

For å få meir kunnskap om kva som vil skje med isen på Sørpolen skal forskarar i NORCE koordinerer eit nytt stort EU (Horisont 2020) prosjekt Tipping Points in Antarctic Climate Components (TiPACCs). Her skal det forskast på om det finnes vippepunkt («Tipping Point») i det Antarktiske klimasystemet.

Picture1
NORCE ved Svein Østerhus tillet at biletet kan brukast av pressa.

Slike vippepunkt kan føre til hurtig og uventa auka smelting av isen på grunn av at havvatn som strøymer innunder den flytande delen av iskappa, isbremmane, vipper over frå å vere iskaldt som det er i dag, til å bli varmt. Ei slik stor endring fører til at smeltinga av isbremmane aukar kraftig og sidan isbremmane flyt på havet fører dette ikkje direkte til at havnivået stig, men når bremmane vert tynnare blir også den krafta som held innlandsisen på plass, svakare. Slik vil meir innlandsis strøyme ut i havet og havnivået vil stige raskare. Vi risikerer at vi passerer eit vippepunkt der utviklinga ikkje kan reverserast.

I TiPACCs prosjektet skal forskarar i NORCE samarbeide med nokre av Europas fremste ekspertar på hav og is. Store og avanserte datamaskinmodellar skal brukast til å studere kva som skjer med isen på Sørpolen og i havet utafor slik at FNs klimapanel i sin neste rapport kan gi eit meir sikkert varsel om kor mykje havnivået vil stige.

Nokre av dei andre ekspertane i prosjektet:

G. Hilmar Gudmundsson, professor ved University of Northumbria, Newcastle, Storbritannia

Ricarda Winkelmann, juniorprofessor ved Potsdam Institute for Climate Impact Research (PIK) and Potsdam University, Tyskland

Adrian Jenkins, Seniorforsker, UK Research and Innovation - British Antarctic Survey (UKRI-BAS) and Honorary Professor within the School of Ocean and Earth Science at the University of Southampton, Storbritannia

Hartmut H. Hellmer, Forsker Alfred Wegener Institute, Helmholtz Centre for Polar and Marine Research (AWI), Bremerhaven, Tyskland

Olivier Gagliardini, Professor the University of Grenoble Alpes (UGA), Frankrike

MEDIAOPPSLAG:

NRK TV

NRK.no

TV2.no

TV2-Nyhet 18.30

Khrono

På Høyden

IMG 5476
NORCE-forskar Svein Østerhus fortell pressa om korleis hattebremmen rundt Sørpolen kan kollapse. NORCE leier prosjektet TiPACCs der ein leiter etter sikre data om hav og is på Sørpolen. Foto: Gunn Janne Myrseth, NORCE
IMG 5469
NORCE har fått med seg ekspertar frå mange europeiske universitet inn i prosjektet. På bildet ser vi fv Ricarda Winkelmann (Potsdam University), G. Hilmar Gudmundsson (University of Northumbria), Adrian Jenkins (British Antarctic Survey), Svein Østerhus (NORCE) og Petra Langebroek (NORCE). Foto: G.J. Myrseth
Vi trudde vi viste kva som skulle skje, men så oppdaga vi for 5-6 år sida at siuasjonen ikkje er så enkel. Nye data inn i ein modell ga uventa svar og truleg finnes det vippepunkt der smeltinga av is aukar i fart.
– Svein Østerhus