Komplikasjonar lang tid etter Giardia-utbrotet i Bergen i 2004

Sverre Litleskare disputerte 22.08.19 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Long-term complications following an outbreak of giardiasis".

Publisert 2. sep. 2019

I 2004 vart Svartediket forureina med parasitten Giardia lamblia. Svartediket forsyner store delar av Bergen sentrum med drikkevatn, og kanskje så mange som 5000 personar vart sjuke med mageinfeksjon med parasitten. Mange av pasientane som vart råka av Giardia-smitte i Bergen i 2004 hadde komplikasjonar så lenge som ti år seinare. Doktorgradsavhandlinga og dei tre studiane som inngår i denne bidreg til auka forståing av sokalla medisinsk uforklarte plager.

Litleskare og medarbeidarar fann at å ha gjennomgått infeksjon hadde samanheng med opplevd matintoleranse tre år seinare. Vidare fann ein at 43% med tidlegare infeksjon hadde mageplager sams med irritabel tarmsyndrom ti år seinare, medan 14% blant dei som ikkje var smitta hadde slike plager. Det vart også spurt om kronisk utmatting, ein relativt vanleg tilstand i befolkninga (som ikkje må forvekslast med diagnosen kronisk utmattelsessyndrom). Her var tala 26% blant dei med gjennomgått infeksjon og 11% blant dei utan. Førekomsten av irritabel tarmsyndrom var stabil frå seks til ti år blant dei med gjennomgått infeksjon, medan den sank for kronisk utmatting. Hjå gruppa utan gjennomgått infeksjon var førekomsten av begge tilstandar uendra i perioden. Personar med gjennomgått infeksjon hadde noko lågare livskvalitet enn dei utan, ti år seinare. Det såg ut til at den lågare livskvaliteten i stor grad var forklart av samtidig førekomst av irritabel tarmsyndrom og spesielt kronisk utmatting.

Sverre Disputas 2019
Bilete f.v: Fyrsteopponent Mikael Lilja, hovudrettleiar Guri Rørtveit, doktorand Sverre Litleskare, custos Erik Zakariassen, medrettleiar Knut-Arne Wensaas, komitéleiar Anders Bærheim, andreopponent Jan Gunnar Hatlebakk