Individuell jobbstøtte hjelper psykisk sjuke i jobb

Tiltaket får ikkje berre fleire med psykiske vanskar ut i vanleg jobb - dei vert også verande i jobb. Dette viser ny forsking.

Sist oppdatert: 8. mar. 2021
Publisert 14. feb. 2021
COLOURBOX10788306 1000
Personane som fekk IPS-tiltaket jobba i gjennomsnitt 2 fleire månadsverk i løpet av oppfølgingsperioden. (

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

)

Forskarane finn at personar med moderat til alvorleg psykisk liding har gode langtidseffektar av tiltaket individuell jobbstøtte (IPS).

Personar som får tiltaket kjem raskare ut i jobb og det er også meir sannsynleg at dei er i jobb 43 månader etter dei fekk tilbodet. Tiltaket verkar spesielt godt for dei under 30 år og dei med låg utdanning.

Individuell jobbstøtte er ein bestemt type arbeidsmarknadstiltak. Formålet er å hjelpa menneske som er psykisk sjuke direkte ut i vanleg løna arbeid, i staden for å gå arbeidslaus eller delta i ei form for arbeidsførebuande tiltak. I tiltaket er det eigne jobbspesialistar som støttar og gjev råd. Støtta er fleksibel og skjer der pasienten ønskjer det. Målet er å finna den best eigna jobben som samsvarer med pasienten sine ønske.

Tiltaket er opprinneleg utvikla for pasientar med alvorlege psykiske lidingar. Forskarane har undersøkt langtidseffekten av denne ordninga, for personar med moderat og alvorleg psykisk sjukdom.

Samanlikna to grupper

Studien er eit randomisert forsøk, der dei som var interesserte i å vera med, vart delte inn tilfeldig i to grupper. 184 personar fekk tilbod om individuell jobbstøtte frå en jobbspesialist og 143 personar fekk tilbod om dei vanlege tiltaka for denne gruppa, typisk «arbeid med bistand» eller «praksisplass i skjerma bedrift». Desse 143 utgjorde kontrollgruppa i studien. Tradisjonelle arbeidsmarknadstiltak gjev opplæring først og deretter praksis (ei «tren-og-plasser»-tilnærming), noko som også galdt for denne kontrollgruppa. Individuell jobbstøtte, derimot, har som grunnidé å bruka den ordinære arbeidsmarknaden som ein treningsarena, det vil seia ei «plasser-og-tren»- tilnærming.

- På denne måten vert eventuelle tilbakeslag sett på som verdifulle erfaringar, ikkje nederlag. Dersom det er trong for det, held støtta fram også etter at personen har fått jobb, seier Karin Monstad, forskar i NORCE.

Jobbar 2 månadsverk meir

Det viste seg at individuell jobbstøtte aukar sannsynet for å vera i vanleg jobb sett over ein oppfølgingsperiode på 43 månader. Mange som kom i jobb, jobba deltid. Personane i IPS-gruppa jobba i gjennomsnitt 2 fleire månadsverk i løpet av oppfølgingsperioden: 6,5 månadsverk samanlikna med 4,5 månadsverk i kontrollgruppa.

Forskarane undersøkte effekten av individuell jobbstøtte etter 12, 24 og 43 månader. Sannsynet for å vera i ordinær jobb (det vil seia utan subsidiar) i løpet av dei 43 månadene er 8.8 prosentpoeng høgare i IPS-gruppa enn i kontrollgruppa. Og sannsynet for å vera i ordinær jobb i halv stilling eller meir er 5.0 prosentpoeng høgare.

- Sjølv om nivået på yrkesdeltakinga er beskjeden, viser det stor effekt av individuell jobbstøtte, seier Monstad.

Verkar best for dei under 30

Forskarane finn at effekten er klart størst for personar under 30 år, personar som ikkje har fullført vidaregåande innan dei fyller 21 år , og dei som lir av alvorleg i motsetnad til moderat psykisk sjukdom.

- Desse funna tyder på at individuell jobbstøtte har størst verknad for personar som har ein særleg svak posisjon i arbeidsmarknaden, seier Monstad.

God jobbmatch viktig

Det å finna den jobben som eignar seg best og er tilpassa pasienten sine interesser og mål i arbeidslivet, kan krevja betydeleg søkjeaktivitet.

- At personane som har fått individuell jobbstøtte gjennomsnittleg står i jobben over lengre tid enn dei i kontrollgruppa, tyder på at dei har funne ein god match. Vi observerer ikkje direkte kor mykje deltakarane søkjer på jobbar. Men det ser ut til at IPS-deltakarane søkjer meir, sidan de har fleire jobbar og fleire arbeidsgjevarar innanfor det same tidsrommet. Jobbspesialistane gjev tett oppfølging av deltakarane under jobbsøket, og også etter at dei har fått jobb, om deltakaren ønskjer det. Jobbspesialistane skal støtte personane så lenge dei treng det, fortel Monstad.

Tor Helge Holmås, NORCE og Silje Endresen Reme, UiO er medforfattere på publikasjonen publisert i Social Science & Medicine.

Eirik (29) trudde han ikkje var attraktiv på jobbmarknaden. Slik fekk han fast jobb

Les mer (NRK Vestland)

De som får personlig hjelp fra NAV klarer seg bedre i arbeidslivet

Se mer i Vestlandsrevyen