Den årlige samlerapporten frå Vakttårnprosjektet er tilgjengeleg

Les meir om dei siste trendane innan norsk legevakt i vår nyaste rapport.

Sist oppdatert: 30. jun. 2020

Vakttårnprosjektet utgjer sju legevakter valt ut etter definerte kriterium for å gje kunnskap om heile legevaktaktiviteten i Noreg. Data blir samla inn kontinuerleg. Dette gjev grunnlag for overvaking av eventuelle trendar innan norsk legevakt, og blir brukt i forskingsprosjekt, av legevaktene og av helsestyremaktene. Prosjektet har etter 13 år 1.105.109 medisinske registreringar frå dei sju vakttårna.

Nytt i 2019:

1. Kontaktraten steig i 2019 òg, til 363,5 pr. tusen innbyggjarar; det var fem av vakttårna som auka kontaktraten.

2. Igjen såg vi endringar i responsfordelinga hos vakttårna. Raud responsrate auka for fem av dei, også totalt.

3. Direkte oppmøte vart redusert i 2019.

4. Telefonkonsultasjon med sjukepleiar som tiltak hadde i 2019 den høgaste raten nokon gong i prosjektet.

5. Volumet i helgeaktiviteten har vore fallande dei tre siste åra.


Forfattarar: Eikeland, Ole Johan; Fotland, Siri-Linn Schmidt; Raknes, Guttorm

Rapporten finn du her