Working Model of the Child Interview (WMCI) - digitalt kurs

Sist oppdatert: 23. nov. 2021

KURSET ER FULLTEGNET

WMCI er eit semistrukturert intervju til å kartlegge foreldre sine tankar og emosjonar for barnet sitt, og korleis desse påverkar samspelet med barnet.

Intervjuet varer omtrent ein time og passar best for foreldre til førskulebarn, men kan også brukast i alt svangerskapet, med fosterforeldre eller ved adoptivbarn. I klinisk arbeid kan det brukast for barn opp til puberteten.

WMCI har i alt 16 skalaer og gir ei overordna klassifisering av foreldre sine representasjonar som balansert (trygg), uengasjert (unngåande) eller fortegnet (ambivalent). I klinisk arbeid kan WMCI med fordel kombinerast med Crowell-prosedyren eller tilsvarande for observasjon av samspelet mellom forelderen og barnet.

NB! Dette er et digitalt kurs som går over 6 veker, halve dagar

Tid:
Onsdag 4. mai 2022 kl. 0830 - 1130
Tysdag 10. mai 2022 kl. 0830 - 1130
Tysdag 24. mai 2022 kl. 0830 - 1130
Onsdag 1. juni 2022 kl 0820 - 1130
Tysdag 7. juni 2022 kl. 0830 - 1130
Onsdag 15. juni 2022 kl 0830 - 1130

Målgruppe: Tilsette spesialisthelsetenesta, barnevernet, Bufetat og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for familiar.

Tal plassar: 16 stk.

Forelesar: Psykologspesialist og førstelektor Arnold Goksøyr

Innhald på kurset:

Teoretisk grunnlag, oppbygging av intervjuet og praktisk øving på gjennomføring.
Gjennomgang av skåringssystemet og trening i å skåre.
Tolking av intervjuet med tanke på behandling, rådgjeving og/eller støttetiltak.

Deltakarane må øve seg mellom kursdagane saman med ein kollega på gjennomføring av intervjuet.

I kurset får ein intervjuet i norsk omsetting, norsk manual, undervisingsmateriellet for skåring og tolking, og tips om aktuell litteratur. For å få kursbevis må ein delta på 90 % av kurstida og klare ein avsluttande eksamen. Kurset er opplæring i klinisk bruk av WMCI. Det gir ikkje sertifisering til bruk i forsking.

WMCI er utvikla av Charles Zeanah & al. (1994) og er basert på tilknyting- og kommunikasjonsteori. Det er publisert minst 26 vitskaplege artiklar om WMCI i internasjonale tidsskrift og fleire norske og nordiske masteroppgåver.