Working Model of the Child Interview (WMCI) - Bergen

WMCI er eit semistrukturert intervju til å kartlegge foreldre sine indre arbeidsmodellar (IAM), og korleis desse påverkar samspelet med barnet.

Sist oppdatert: 16. des. 2019


Intervjuet tek omtrent 1 time å gjennomføre og passar best for foreldre til førskulebarn, men det finns tilpassa versjonar for bruk i svangerskapet, for fosterbarn og for adoptivbarn. I klinisk arbeid kan det brukast for barn opp til puberteten.

WMCI har i alt 16 skalaer og gir ei overordna klassifisering av foreldre sine representasjonar som balansert (trygg), uengasjert (unngåande) eller fortegnet (ambivalent). I klinisk arbeid kan WMCI med fordel kombinerast med Crowell-prosedyren eller tilsvarande for observasjon av samspelet mellom forelderen og barnet.

Kurset er på 2 + 1 dag som ikkje er samanhengande.

Tid:
4. februar 2020 kl 9-15
5. februar 2020 kl 9 - 15
17. mars 2020 kl 9 - 15

Påmeldingsfrist: 25. januar 2020

Målgruppe: Tilsette spesialisthelsetenesta, barnevernet, Bufetat og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for familiar.

Tal plassar: 20 stk.

Forelesar: Psykologspesialist og høgskulelektor Arnold Goksøyr

2017 05 24 kl 111254 ms 200 Arngeir Berge
WMCI er basert på tilknytnings- og kommunikasjonsteori. (Foto: Arngeir Berge)

Dag 1: Teoretisk grunnlag, oppbygging av intervjuet og praktisk øving på gjennomføring.
Dag 2: Gjennomgang av skåringssystemet og trening i å skåre.
Dag 3: Trening i å skåre og endeleg klassifisering av IAM. Tolking av intervjuet med tanke på behandling, rådgjeving og/eller støttetiltak.

Deltakerane vert oppmoda til å øve seg saman med ein kollega på gjennomføring av intervjuet før 3. kursdag.

Deltakarane får intervjuet i norsk omsetting, norsk manual, instruksjonsvideoar for skåring og aktuell litteratur i løpet av kurset. For å få kursbevis må ein delta på alle tre dagane. Kurset er opplæring i klinisk bruk av WMCI. Det gir ikkje sertifisering til bruk i forsking.

Intervjuet er utvikla av Charles Zeanah & al. (1994) og er basert på tilknyting- og kommunikasjonsteori. Det er publisert minst 26 vitskaplege artiklar om WMCI i internasjonale tidsskrift og fleire norske og nordiske masteroppgåver.