Crowell-prosedyren - observasjonsmetode av foreldre-barn samspel

Sist oppdatert: 2. jul. 2020

Observasjon av samspelet mellom foreldre og barn er ein viktig del av ei heilskapleg utgreiing når barnet har emosjonelle-, åtferds- eller utviklingsvanskar og/eller når det er problem i relasjonen til forelderen(e). Crowell-prosedyren er ein strukturert observasjonsmetode på ca. 30 minutt og har frileik, opprydding, blåse såpebobler saman og så skal barnet løyse fire oppgåver i stigande vanskegrad. Styrken ved metoden er at forelderen og barnet vert observert i både lite utfordrande situasjonar (frileik og såpebobler), og i situasjonar med meir stress (opprydding og vanskelege oppgåver) som stiller større krav til korleis forelderen gir hjelp og sttøtte til barnet legg til rette for eit utviklingsfremjande samspel. Metoden passar best for barn i alderen 1 – 5 år, men med noko tilpassing kan den brukast på eldre barn. Ein treng eit eigna leikerom, utstyr for videoopptak og ein del standardiserte (men vanlege) leiker. Metoden er utvikla av Crowell & Feldman (1988) og er ei av de mest brukte metodane for samspelsobservasjon i Noreg.

Kurset er på 1 + 1 dag som ikkje er samanhengande:

Dag 1: Kort om det teoretisk grunnlaget, strukturen i observasjonen og gjennomføringa. Orientering om skåringssystemet og videodøme.
Dag 2: Gjennomgang av skåringssystemet, trening i å skåre og tolke resultatet.

Deltakerane vert oppmoda til skaffe seg litt praktisk erfaring i metoden før andre kursdag ved å prøve på til dømes ein kollega eller ein kjenning med barn.

På første kursdag får deltakarane instruksjonane for gjennomføring, skåringssystemet på norsk og lysarka til undervisinga. Dei som deltek på begge dagane får kursbevis. Kurset er ei opplæring i klinisk bruk av Crowell-prosedyren. Det gir ikkje sertifisering til bruk av metoden i forsking.

Målgruppe: Tilsette spesialisthelsetenesta, barnevernet, Bufetat og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for familiar.

Tal plassar: 15 stk.

Forelesar: Psykologspesialist og høgskulelektor Arnold Goksøyr

Tid: 13. oktober 2020 kl. 09.00 – 15.00 18. januar 2021 kl. 09.00 – 15.00

Påmeldingsfrist: 15. september 2020