Crowell-prosedyren

Sist oppdatert: 13. jan. 2021

NB! Dette er et digitalt kurs som går over 4 veker, halve dagar

Crowell-prosedyren kartlegg samspelet mellom omsorgsgjevar og barn i alderen 1 – 5 år, men kan brukast på eldre barn med noko tilpassing.
Prosedyren er utvikla av Judith Crowell og Shirley Feldman (1988) og er basert på tilknyting- og kommunikasjonsteori.

Instrumentet har fem faktorar som kartlegg omsorgspersonen sitt bidrag i samspelet: åtferdsresponsivitet, emosjonell responsivitet, positiv affekt, tilbaketrekking og irritasjon. For barnet er det sju faktorar: positiv affekt, føyeleg, iherdig, entusiasme, tilbaketrekking, irritasjon/sinne og aggresjon.

Metoden kan brukast av autorisert psykolog, barnepsykiater og andre med minimum bachelorgrad i eit helse- eller sosialfag og vidareutdanning i sped- og småbarnspsykologi.
Instrumentet vil spesielt vere nyttig for dei som jobbar med behandling av førskulebarn der det er samspelsproblem.

Så langt vi kjenner til er det ikkje norske studiar som dokumenterer metoden sine psykometriske eigenskapar, men det finns 5 – 6 internasjonale publikasjonar, der to av nyare dato finn god indre konsistens på faktorane og eit signifikant samsvar mellom Crowell og skalaen PIRGAS (Loop, Mouton, Brassart, & Roskam, 2017; Sprang & Craig, 2015)

Innhald på kurset:

Teoretisk grunnlag kring samspel, strukturen i observasjonen og råd om gjennomføringa.
Gjennomgang av skåringssystemet og trening i å skåre.
Tolking av observasjonen med tanke på behandling, rådgjeving og/eller støttetiltak.

Deltakarane må øve mellom kursdagane saman med ein kollega på å gjennomføre ein observasjon. I kurset får ein skåringsark og kodebok i norsk omsetting, kopi av presentasjonane og tips om aktuell litteratur. For å få kursbevis må ein delta på 90 % av kurstida og klare ein avsluttande eksamen. Kurset er opplæring i klinisk bruk av Crowell. Det gir ikkje sertifisering til bruk i forsking.

Tid:
Tysdag 23. februar kl. 0830 - 1130
Onsdag 03. mars kl. 0830 - 1130
Tysdag 09. mars kl. 0830 - 1130
Onsdag 17. mars kl. 0830 - 1130

Målgruppe: Tilsette i spesialisthelsetenesta, barnevernet, Bufetat og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for familiar.

Tal plassar: 16 stk.

Forelesar: Psykologspesialist og førstelektor Arnold Goksøyr