ASEBA - digitalt kurs

Sist oppdatert: 29. okt. 2021

Achenbach Systems of Empirically Based Assessment (ASEBA) kartlegg mental helse og/eller utviklingsavvik hos barn 1,5 – 18 år basert på spørjeskjema. For dei minste barna (1,5 – 5 år) er det det eit skjema for foreldre og eit for barnehagelærar. For dei større barna (6 – 18 år) er det eit skjema for foreldre, eit for lærar, og eit sjølvutfyllingsskjema for ungdom 11 – 18 år.

ASEBA har vore utvikla sidan tidleg på 1980-talet og har kome i fleire revisjonar. Det vart omsett til norsk alt på 1990-talet og teke i bruk av BUP og PPT. Det er mykje forsking på ASEBA og måleeigenskapane vert rekna som tilfredsstillande. Les meir om ASEBA her: http://www.psyktestbarn.no/CMS/ptb.nsf/pages/cbcl

Innhald:
Kurset gir ein kort teoretisk introduksjon til kartlegging av psykiske symptom hos barn, gjennomgang av ASEBA systemet og dei einskilde skjema, skåring og tolking av resultatet med vurdering av validitet, og korleis gi tilbakemelding til foreldre. Kurset er ei veksling mellom undervising med spørsmål og diskusjon i plenum (i Zoom) og sjå korte filmar på eiga hand. Til slutt er det ein individuell eksamen (25 spørsmål), og ein får tilsendt kursbevis når den er godkjend med minst 80 % rett.

Målgruppe: Tilsette spesialisthelsetenesta, barnevernet, Bufetat og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for barn og familiar.

Tal plassar: 35 stk.

Forelesar: Psykologspesialist Arnold Goksøyr